Personvern
Personvernerklæring
Sist oppdatert: 30. september 2026
Kort fortalt: Timekontroll lagrar berre det du sjølv legg inn, og alt blir liggjande på telefonen din.
01Kva data samlar appen inn?
Timekontroll lagrar berre data du sjølv legg inn – vakter, profilar og innstillingar. Ingenting blir delt, sendt eller selt til andre.
02Kvar er dataa lagra?
Alle data ligg lokalt på telefonen din i ein SQLite-database. Det er ingen sky-synkronisering, ingen brukarkontoar og ingen analyse i appen.
03Kva skjer om eg avinstallerer appen?
Alle data blir sletta saman med appen. Du kan òg slette enkeltvakter, profilar eller alle data frå innstillingane i appen.
04Deling og eksport
Når du deler eller eksporterer månadsrapporten, lagar appen eit bilete, ein PDF eller ei CSV-fil i mellomlageret på telefonen. Fila blir sendt vidare berre til den appen du sjølv vel (til dømes Gmail eller Messenger).
05Dine rettar (GDPR)
Sidan alle data ligg på telefonen din, har du full kontroll. Slett vakter, profilar eller heile appen når du vil. Vi har ingen kopi.
06Endringar
Om appen seinare får funksjonar som krev overføring av data (til dømes sky-synkronisering eller import frå lønnsslipp), vil du bli spurd om eksplisitt samtykke før dette blir slått på.
07Kontakt
Spørsmål? Send e-post til kontakt@timekontroll.com.